Sonen her på Kvardag.no er for deg som er interessert i kva som rører seg av ymse aktivitetar her på Halsnøy Kloster.
I dag vert Halsnøy kloster driven av Sunnhordland museum som formidlingsstad for den rike historia, utleige av lokaler og kulturarena for ulike kulturutrykk.
Gjennom heile året vil du finna små og store tilskipingar med konsertar, utstillingar, føredrag og sjølvsagt omvising på området. Museet har og eigne undervisningsopplegg for skulane.
Halsnøy Kloster er i dag eit av fleire tun i Sunnhordland Folkemuseum sine samlingar og ligg på den vakre øya Halsnøy i Kvinnherad kommune på vestlandet. Øya finner du ytst i Hardangerfjorden, mellom fastlandet og Stord.
På det nordlegaste eidet på Halsnøy ligg Halsnøy Kloster, med ein heilt sentral plassering i fjordsystemet og med utsikt mot fjorden vestover og nordover.
Eit nasjonalt kulturminne
Halsnøy kloster er eit av dei mest interessante og vakre kulturminna i heile Hordaland fylke. Kulturminna våre er ei vesentleg del av den norske kulturarva, og dei gjev eit bilete av korleis menneska har teke landet i bruk og syner at måten å leva på har endra seg. Halsnøy kloster og området i kring er særs rik på historie frå mange ulike epokar som kan gje ei spanande vandring i historia, frå Vikingtid til klostervesenet i Noreg, reformasjonen og etableringa av danske lensherrar, og vidare inn i vår tid.