Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Kvardag (onsdag 17. mars 2010). Les mer om roperten…

Ope påskehus og "Folkestrikk"

Vi opnar sesongen på Halsnøy Kloster, palmesundag 28.04.10 kl. 16:00- 19:00 med ei artig kulturhistorisk utstilling av vanlege folk sine strikkaplagg frå 1800 og fram til vår tid. Utstillinga vil stå fram til juni.
Leitar du etter gamle mønster for nye strikkeplagg? Kom og bli inspirert av det folk strikka til kvardagsbruk for hundre eller to hundre år sidan! Her vil du finne både undertøy, ytterklede og fritidsklede, lappa og bøtt til det ugjenkjennelege!
Me er opne for “strikkekafé” denne dagen, så ta med deg spøtet og kom!, – damene frå Moa-Moa tek med seg spøtet sitt og idéar,- vi syt for sal av kaffi, the og vaflar. Borna kan óg få prøve seg på strikk, me har strikkepinner og garn.

OPE HUS I PÅSKEN 1.- 5. april, kl. 12:00 – 16:00
Som dei føregåande har vi ope hus i påsken. Tonje Løvstakken, Lene Marit og Ingvild Hvidevold held ope hus med aktivitetar for små og store. Du kan få mala påske- egg, vera med på rebus-løp (kanskje finn de påskeharen?),prøva å strikka eller læra å brette papir? Desse jentene kan det meste.
Open strikkeutstilling og sjølvsagt vert det kafé med kaffe, the og vaflar.

Aktivitetar for born: kr. 30.- pr. born
Kaffe/the/vaflar: kr.10.- pr stk.

Vist 738 gonger. Følgt av 1 person.
Annonse

Nye bilder