Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Kvardag (onsdag 17. februar 2010). Les mer om roperten…

Festivalen "Klosterdagane" vert lagt ned.

Klosterdagane har på ekstraordinært årsmøte den 12.02.2010 tatt avgjerdsle om å leggje ned festivalen. På møtet var ein av den oppfatning at det ikkje er grunnlag arbeidmessig eller økonomisk for å drive festivalen vidare i sin noverande form. Klosterdagane har no i 5 år tilbudt publikum nye og tildels annleis opplevingar gjennom konserter og forestillingar med m.a. klassisk musikk, samtidsmusikk og dans, utstillingar og performance. I tillegg har festivalen hatt aktiviteter knytt til Halsnøy Kloster si historie, presentert musikkspel og vore arena for samtaler og litterære prosjekt. Samla sett har den nyansert festivalbildet i regionen. Nedlegginga av festivalen Klosterdagane vert gjort i forståing med kunstnerisk leiar Lars-Erik ter Jung. Styret for Klosterdagane, ved Helén Petersen, Sissel Aarseth, Øyvind Særsten, Jane Jünger, Mona Økland og Lars-Erik ter Jung, slutta seg einstemmig til årsmøtets vedtak.

Samstundes vil vi frå Halsnøy Kloster, Sunnhordland museum få melde om at ein vil fortsatt jobbe for gode kulturopplevingar på tunet også i framtida. Publikum vil framleis finna små og og nokre ikkje fullt så små kulturhendingar gjennom året på Halsnøy Kloster. Den gamle “Klosterdagen” vil gjenoppstå som ein dag med kulturprogram i regi av Sunnhordland Museum og Venelaget for Halsnøy Kloster. I år vil denne dagen falle på laurdag 5. juni 2010. Programmet for dagen er straks klart og vil bli kunngjort om ikkje lenge.

Vist 346 gonger. Følgt av 1 person.
Annonse

Nye bilder