Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Kvardag (onsdag 27. januar 2010). Les mer om roperten…

Nominert til Gullsekken

Hordaland fylkeskommune har valt “Eg byggjer meg ein båt” som kandidat til beste skulesekkproduksjon i 2010.

Gullsekken er Den kulturelle skulesekken sin eigen pris. Her tevlar kvart år produksjonar frå alle landet sine fylke i to ulike klassar: pris til beste produskjon og pris til beste skule.

Sunnhordland Museum er stolte over å skulle representera Hordaland fylke i år.

“Eg byggjer meg ein båt” er eit undervisningsopplegg der skuleelevar blir invitert med på å byggja ein færing. Gjennom song, drama og praktisk arbeid, har barn i heile Sunnhordland fått opplæring i regionen sin tradisjonsrike båtbyggjarkunst. Museet har utvikla eit byggjesett av ein færing i halv målestokk ilag med båtbyggjaren Egil Meland frå Tysnes. Dette får elevane setta saman, samstundes som dei lærar seg ord og utrykk frå båtbyggjarkunsten. Under opplegget får elevane også prøva seg på smi, navra og klinka ved ulike arbeidsstasjonar.

Gulsekken skal delast ut under Nasjonal nettverksamling for Den kulturelle skulesekken i Molde i april 2010. Prisen er på 100.000 kroner og skal gå til å vidareutvikla produktet.

www.sunnhordland.museum.no

Vist 1310 gonger. Følgt av 2 personar.

Kommentarar

Det er bare å stille seg i rekken av gratulantar. En fantastisk innsats og et fantastisk prosjekt, som mange born i Sunnhordland har fått teke del i. Prosjektet har og vore utanlands, -i Frankrike og Skottland, og er invitert til USA til sommaren. Me håpar det vert tur!!

Gjennom Den kulturelle nistepakken i Kvinnherad har mange 6-klassingar over heile kommunen fått oppleva dette flotte opplegget. Med entusiastiske instruktørane har elevane, gjennom fortellingar, song og praktisk arbeid, fått ei innføring i båtbygging og kystkultur på Vestlandet. Dette er eit unikt prosjekt som når “heim” hjå elevane!

Slik eg opplevde prosjektet ved sjølvsyn, burde prosjektet liggja godt an i konkurransen om Gullsekken! Vi kryssar fingrane!

Takk Rolf! den gode omtalen varmer. Trur at eg på vegne av både Johanne, Bjørn Arve og meg sjøv kan stadfesta et vi har hatt mange utruleg flotte opplevingar i lag med mange 12 åringar ( og yngre..) rundt om i kommunen og utlanlands. Det er eit eventyr, og det er enno ikkje slutt!!

Annonse

Nye bilder